Kan få sjansen mot Bodø/Glimt

Bendik Rise for Hødd i treningskampen mot Molde. Fredag kan han få sjansen for AaFK, då dei møter Bodø/Glimt på Color Line Stadion.  

Sport

Hødd-spelaren Bendik Rise er fredag i AaFK-troppen til møtet med Bodø/Glimt på Color Line Stadion. Rise har vore med på AaFK-treningar i fleire omgangar, og fredag kan han få prøve seg i kamp Eliteserielaget.

Rise kan dermed få bryne seg på fjorårets første- og andreplass i Eliteserien i løpet av to treningskampar.

Ifølgje AaFK sine nettsider er Rise ein av spelarane som er på benken til denne treningskampen. Der sit også Håvard Mork Breivik.

Hødd spelar treningskamp mot Spjelkavik fredag kveld. Den kampen går på Høddvoll.