Støttar Haddal IL i tre nye år

Får også 200.000 til oppussing av klubbkjellaren.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre gir 200.000 i gåve til Haddal IL i samband med at hovudsponsoravtalen med idrettslaget vart forlenga i tre år.  

Sport

Samarbeidet mellom Haddal IL og Sparebank 1 Søre Sunnmøre er langvarig. Fredag morgon skreiv styreleiar Cato Eiksund Rogne i Haddal IL og avdelingsbanksjef Lillian Kleven Breivik under på ein ny hovudsponsoravtale. Den gjeld for tre år og ved utgangen av avtalen vil Haddal IL og Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt samarbeid ha vart i 15 år.