Storsiger i kvalifiseringa

Sindre Kleiven scora to mål då Hødd vann 8-1 over SIF/Hessa i G19-kvalifiseringa.  

Sport

Hødd spelte søndag sin fjerde kamp i G19-kvalifiseringa til årets 1.-divisjon på Sunnmøre. Kampen gjekk i Sparebanken Møre Arena og Hødd-spelarane fekk med seg tre nye poeng heim til Ulsteinvik.

Laget opna kvalifiseringa med 3–4 tap for Rollon, men etterpå har både Bergsøy og Valder blitt slått. Søndag var det SIF/Hessa som skulle prøve å stoppe Hødd.

Hødd fekk ei hjelpande hand i starten på kampen, med sjølvmål frå SIF/Hessa allereie etter fem minutt. Det vart heller aldri særleg tvil om kvar poenga skulle gå.

Bendik Engen, Daniel Notanes Brandal og Tobias Pettersen Hatløy scora alle for Hødd før pause, og då Sindre Ryttvad Kleiven putta to i løpet av femten minutt i starten på andreomgangen var sigeren i boks.

Marcus Dimmen la på til 7–0 før SIF/Hessa fekk med seg eit trøystemål, men Dimmen var heller ikkje ferdig og la på til 8–1 fem minutt før slutt.

Hødd toppar no kvalifiseringsgruppa med like mange poeng som Valder og Rollon, men med betre målforskjell. Hødd avsluttar med kamp mot Sykkylven på Høddvoll 15. februar.

I løpet av helga har fleire lokale lag spelt kvalifisering. Hasundgot/Haddal tapte 1–5 for Giske/Godøy i G16-kvalifiseringa laurdag, medan Hareid tapte 0–5 for Guard i same pulje.

Hødd sitt J16-lag tapte 0–3 for Herd i kvalifiseringa til J16 NM.