Hødd signerte ny spelar

Ramzy Touré Idrissou er klar for Hødd. Midtstopparen spelte årets første treningskamp, då Hødd møtte Molde på bortebane.  

Sport

Ramzi Touré Idrissou er klar for Hødd. Det melder klubben i ei pressemelding måndag.

Touré Idrissou blir 24 år i sommar og er midtstoppar, fødd og oppvaksen i Oslo, men dei siste åra studert og spelt collegefotball i USA.

For dei som har sett Hødd sine treningskampar så langt denne oppkøyringa, så fekk dei kanskje med seg midtstopparen i bortekampen mot Molde. Der spelte han om lag 60 minutt.

Før han flytta til Florida spelte Touré Idrissou aldersbestemt fotball for Oslo-laget Oppsal. Frå 2015 til 2019 studerte han ved University of Tampa i Florida, der han også spelte totalt 67 kampar. Han har også vore innom klubbane Philadelphia Fury og Atlanta SC.

Etter kampen mot Molde sa trenar Kevin Knappen at stopparen hadde gjort eit ok-pluss inntrykk i løpet av perioden han var innom Hødd. Då var det ikkje klart om Hødd ville gå vidare med 23-åringen, men måndag stadfesta klubben at han blir ein del av Hødd-laget i 2020.

– Ramzi Toure Idrissou har skrive ei 2 års kontrakt med Hødd. Han er oppvaksen i Oslo, med foreldre med bakgrunn frå Togo. Han er ein utadvendt kar som tidleg valte å flytte til USA, der han såg ei betre moglegheit til å kombinere idrett og utdanning. Med Ramzi får vi ein kraftfull midtstoppar på 195cm, ein sterk duellspelar med bra fart, seier Hødd-trenar Kevin Knappen ei pressemelding måndag kveld.

Der kommenterer også klubben si nysignering overgangen:

– Eg er utruleg glad for å bli ein del av ein så historisk klubb som Hødd. Eg er ivrig etter å kome i gang med laget. Hødd har klare planar og eg ønsker å bidra med det eg kan for at klubben når sine mål.