Lokal keeper fekk A-kontrakt

Joakim Goksøyr Ulstein på trening saman med Ole Monrad Alme.  

Sport

Keeperen Joakim Goksøyr Ulstein har signert si første A-kontrakt med Hødd. Det skriv Hødd i ei pressemelding onsdag.

Han stod Hødd sin treningskamp mot Spjelkavik sist veke og har allereie trent med A-laget i fleire år. I fjor stod han 20 kampar for Hødd 2 i 4.-divisjon og året før fekk han også prøve seg i 11 3.-divisjonskampar for andrelaget. Goksøyr Ulstein fekk seniordebuten i 2017, då han stod fire kampar for Hødd 3 i 6.-divisjon og seks for Hødd 2 i 4.-divisjon.

Joakim Ulstein spelte heile Hødd sin treningskamp mot Spjelkavik. Onsdag vart det klart at keeperen har signert kontrakt med Hødd.  

Goksøyr Ulstein har signert ei kontrakt ut 2020.

– Joakim Goksøyr Ulstein er offisielt no ein del av Hødd a-lag herrar. Han har hospitert over ein lengre periode, regelmessig etter oppstart med sesong 2020. Joakim har gode fysiske føresetnader som keeper, med solid høgde og rekkevidde. Prestasjonane i trening og kamp seier oss at dette er ein keeper i god utvikling, som legger ned mykje hardt arbeid for å ta ytterlegare steg, seier Kevin Knappen i pressemeldinga. .

Sjølv seier 19-åringen:

– Kjekt å få denne tilliten etter mykje arbeid og tolmod. Eg skal gripe denne sjansen og utnytte den til det optimale. Ser fram til ein sesong som ein del av Hødd A-lag.