UM i Bærum Idrettspark frå fredag til søndag:

Dimna IL stiller mannsterke

Dimna IL reiser til innandørs-UM med ein stor tropp, der fleire av utøvarane kan blande seg inn i medaljekampen.

Medaljekamp: Dimna-trenar Arve Hatløy trur at både Kornelia Roppen, Anna Garnes Kleven og Jonas André Ose er kapable til å vere med i medaljekampen i sine øvingar under UM i Bærum Idrettspark. Dimna IL stiller med over 20 utøvarar og kjem truleg til å vise godt igjen under meisterskapen. Arkivfoto: Andreas Bjerknes. 

Sport

Dimna IL kjem rett frå ein real friidrettsfest på heimebane, men også den komande helga har eit stort høgdepunkt i innandørssesongen. Frå fredag til søndag går nemleg Ungdomsmeisterskapen i friidrett og Dimna IL stiller sterkt i Bærum Idrettspark.