Vann sesongens første treningskamp

Thanusan Tharumalingam og Ivar Andrè Aadland scora begge mot Moltu/TGurskøy.  Foto: Hareid IL

Sport

I første treningskamp for året vann Hareid II 4-2 borte mot Moltu/Tjørvåg/Gurskøy. Hareid stilte både med a-spelarar (inkludert den ferske a-spelaren Even Årsbog Bjåstad), andrelagsspelarar (inkludert fleire comeback) og fleire juniorar (inkludert solide debutar frå keeper Ivar Oskar Røyset Brandal og Sondre Andre Holstad). Heimelaget var sjølvsagt prega av at det var første kamp for eit lag samanslått av tre lag. Likevel vil vi seie at det var ein positiv årsdebut frå Hareid II med mykje bra spel, spesielt før pause (då Hareid leia 3-0). A-trenar Kim-Tore Husøy var på plass og likte mykje av det han såg av a-spelarane som var med.

Debutant: Ivar Oskar Røyset Brandal debuterte for Hareid 2.   Foto: Hareid IL

Måla kom ved sjølvmål, Ivar Andrè Aadland, Thanusan Tharumalingam (straffe) og Fredrik Andresen.

Banens beste var Joar Møller med to assistar og fleire nesten-mål. Også solid kamp av mellom andre Daniel Reite i midtforsvaret.

Einaste skåret i gleda var at Adolphus J Jacobs vart skadd på tampen.

Neste treningskamp går heime mot Gjerdsvika/LGFK II om to veker. Då er det håp om at også HIL II-berebjelkar som Benjamin Slettebakk, Antoni Gardshol og Odd-Magne Brandal er på plass igjen - og kanskje også Ole A. Kragset.

Ref. Hareid IL