To heimekampar for Hødd

Nøkkelhelg i vente for Hødd-damene.

To kampar: Marthe Tømmerbakk og Hødd møter Langevåg/Spjelkavik og Bergsøy i Ulstein Arena. Foto: Erik K. Heimdal. 

Sport

Det er mykje som tyder på at det vil stå mellom Hødd og Bergsøy i kampen om å unngå nedrykk frå 4.-divisjon.

Men dersom Hødd skal ha noko moglegheit til å ta Bergsøy før sesongslutt må det bli siger i lokaloppgjeret i Ulstein Arena søndag. Bergsøy slo nemleg Kristiansund i ein knipen 35–34 siger sist søndag. Dermed har dei tre poeng ned til Hødd, som har to færre kampar spelt.



Hødd har to sjansar til å plukke poeng denne helga. Laurdag kjem Langevåg/Spjelkavik på besøk til Ulsteinvik.

Det er på papiret eit tøffare oppgjer enn kampen mot Bergsøy. Langevåg/Spjelkavik ligg midt på tabellen før helga, men berre to poeng bak Vikhammer HK på tredjeplass.