Vi følgjer UM

Til finale: Både Synnøve Verås Grimstad og Andrea Skaar Berg kvalifiserte seg til finale på 60 meter hekk.  

Sport

Denne helga deltek ei rekkje Dimna-utøvarar under UM:


UM i Bærum Idrettspark frå fredag til søndag:

– Vi har ein bra gjeng som skal bite godt frå seg


Andrea Skaar Berg og Synnøve Verås Grimstad var dei første Dimna-utøvarane ut under UM i Bærum Idrettspark denne helga. Første øving var 60 meter hekk og begge Dimna-jentene tok seg fint vidare til finale.

Andrea Skaar Berg sprang på flotte 9,35 og inn til ein andreplass i det første heatet, medan Synnøve Verås Grimstad vann det andre heatet med 9,51. Finalen i J15-klassa går allereie 16:35 og der burde det vere mogleg for begge Dimna-jentene å kjempe om medalje. Alle dei fire jentene som toppar årsstatistikken i denne klassa gjekk vidare til finalen.

I J16-klassen slo Ålesund-jenta Lovise Skarbøvik Andresen, som trener ein del med Dimna IL, til med meisterskapsrekord på 60 meter hekk. Ho sprang då på 8,63 og slo dermed rekorden til Isabelle Pedersen.

Caroline Amalie Sætre stilte til start i J18/19-klassen, men ho braut sitt forsøksheat.

Tre medaljar

I finalen på 60 meter hekk i J15-klassen vart det svært tett om medaljane. Selma Ims frå Sandnes var aller sterkast og vann på 9,28. Andrea Skaar Berg sikra Dimna IL si første medalje under UM, då ho tok sølv på 9,36. Synnøve Verås Grimstad kjempa seg inn til 9,49 og kom inn på ein fjerdeplass.

Marie Teige Grov gjekk sololøp under 1500 meter kappgang i J16-klassa. Der vart det dermed UM-gull og tida vart 7:40,01. Det er nesten 45 sekund raskare enn då ho tok UM-gull i Ulsteinhallen i 2019. Tida var såpass god at Teige Grov ville tatt sølv i J17-klassa.

Medalje blei det også på Anna Garnes Kleven i tresteg. Ho opna konkurransen med tre forsøk rett under 11 meter, før det deretter blei tre hopp over 11 meter. I dei to siste omgangane blei det 11,08 i begge. Kaja Kleppe Salemonsen vann konkurransen med eit hopp på 11,26, medan Garnes Kleven tok bronse.

Kamal Bashiir Tahlil sprang fredag kveld 1500 meter i 20/22-klassa. Det enda med ein fjerdeplass for Dimna-utøvaren, tre sekund bak tredjeplassen.

Sarah Saunes Moldskred tok gull i stavsprang.  

Sarah Saunes Moldskred sikra Dimna IL sitt andre gull fredag. Ho vann stavkonkurransen i J16-klassen då ho gjekk over 2,72 i første forsøk. Saunes Moldskred prøvde seg også på 2,82, men der blei det tre riv. 2,72 var det likevel ingen andre som klarte og dermed gull til Dimna-jenta.

I dagens siste løp blei det bronsemedalje til Simon Holstad Grimstad på 400 meter. Han var ein av to Dimna-utøvarar som stilte i G20/22-klassen. Holstad Grimstad kom i mål på 51,31. Sture Måseide var lenge i front på sitt heat, men det blei totalt ein femteplass for Måseide med 53,42.