Møter Isfjorden på bortebane

Søndag møter Hareid Isfjorden på bortebane.  

Sport

Hareid vann sist helg ein jamn kamp heime mot Sykkylven. Då vart oppgjeret først avgjort i sluttminutta, då Hareid drog litt ifrå og sikra seg sesongens tredje siger.

No ventar det som truleg blir ein tøffare kamp, borte mot Isfjorden. Søndag går turen til Isfjordhallen for Hareid, der dei møter ei lag som har vunne ni av sine 17 kampar. Hareid har tre sigrar på like mange kampar.

Isfjorden var også klart best då laga møttest i Hareidhallen. Då enda det til slutt med eit 15–34 tap for Hareid, men med sigeren klatra laget forbi Sykkylven på tabellen og raudtrøyene har nok svært lyst til å sikre seg bortepoeng i Rauma søndag.