Sjå korleis det går under andre dag av UM

Gabriel Overvåg vann sitt forsøksheat på 60 meter under UM laurdag.  

Sport

Dimna IL starta UM med fleire medaljar, inkludert to UM-gull, på første dag av meisterskapet.




UM i Bærum Idrettspark frå fredag til søndag:

– Vi har ein bra gjeng som skal bite godt frå seg


Laurdag er det endå fleire utøvarar frå friidrettsklubben som skal konkurrere og vi følgjer utviklinga utover dagen.

Som fredag var det Andrea Skaar Berg og Synnøve Verås Grimstad som var først ut. Verås Grimstad vann sitt forsøksheat på 60 meter med 8,34, medan Andrea Skaar Berg tok seg vidare på tid med 8,36. Her gjekk det likevel såpass fort med ein del jenter, at Dimna-jentene måtte prestere sterkt dersom dei skulle vidare frå semifinale.

I J17-klassen deltok både Henrikke Antonsen og Elin Skavnes Våge i kule. Antonsen støytte tre gongar over 9 meter, det lengste på 9,47, men var ikkje blant dei åtte som fekk støyte seks gongar. Det var derimot Elin Skavnes Våge. Tre gongar støytte ho over 11 meter og to gongar 11,20 som vart hennar teljande resultat. Det heldt til ein sjetteplass totalt i ein konkurranse der Mariell Hetlesæter Morken var klar vinnar med 13,26.

Gabriel Overvåg tok seg enkelt vidare frå forsøket på 60 meter i G16-klassen. Han vann sitt forsøksheat på 7,49 og hadde sjette beste tid av gutane totalt i forsøket.

I J16-klassen tok Sarah Saunes Moldskred seg vidare til semifinale med eit løp på 8,55. Det heldt til fjerdeplass i heatet, men tida var god nok til at ho tok seg vidare. Jakoba Solvang rauk dessverre ut etter forsøket med eit løp på 8,90.

I semifinalen på 60 meter i J15-klassa tok Synnøve Verås Grimstad seg til finalen etter andreplass i sitt heat. Ho sprang inn på 8,30. I det andre heatet enda Andrea Skaar Berg på ein femteplass, og det blei dermed ikkje finale på Dimna-jenta. Verås Grimstad hadde sjette beste tid totalt i semifinalane.

Gabriel Overvåg tok seg vidare frå sitt semifinaleheat på 60 meter. Han sprang i det tredje og siste heatet, der det var svært tett om dei to plassane som gjekk direkte til finalen. Overvåg kom i mål på 7,48 og var berre hundredelen framom nestemann.

Nære medaljar

Både Synnøve Verås Grimstad og Gabriel Overvåg var nære medaljar i finalane på 60 meter. Verås Grimstad kom i mål til ein fjerdeplass, berre eitt fattig hundredel bak Selma Ims som tok bronse.

Gabriel Overvåg enda på ein femteplass i sin finale, men frå han 7,48 var det berre seks hundredelar opp til bronseplassen. Her var det svært tett konkurranse bak dei to som tok gull og sølv, med fem mann i mål i løpet av eit tidel.

Jonas André Ose tok seg flott vidare frå sitt forsøksheat i G18/19-klassen på 60 meter. Ose vann sitt heat på 7,18 og med god avstand ned til andremann. Dette var også nest-beste tid av alle som tok seg til semifinale.

Andrea Skaar Berg kvalifiserte seg til lengdefinale i J15-klassen. Ho hoppa 4,75 i tredje forsøk og hadde dermed tredje beste resutalt i kvalifiseringa, der Mathilde Handeland frå Fana IL var sterkast med 5,14.

Tjuvstart i finalen

Jonas André Ose vann også sitt semifinaleheat. Her gjekk tida ned til 7,07 og han var klart framom andremann. I det andre heatet vann Didrik Gram på 7,02 og det såg dermed ut til at det var desse to som ville kjempe om UM-gullet.

I finalen gjekk det dessverre gale for Ose. Då startskotet gjekk var han litt for kjapp på avtrekkaren og vart tatt for ein tjuvstart. Dermed vart Dimna-utøvaren diska i finalen, som vart vunne av Didrik Gram.

Lengdebronse

Kornelia Roppen gjekk over 1,51 i første forsøk i høgde, men deretter var det stopp og det blei tre riv på 1,56. 1,51 heldt likevel til ein fjerdeplass i konkurransen.

Dagens einaste Dimna-medalje kom i lengdegropa. Der hoppa Andrea Skaar Berg 4,95 og sikra seg bronsemedalje. Etter dei fire første forsøka stod ho med eit bestehopp på 4,70, men i det to siste blei det 4,95 og 4,94.