Startar fotballturnering med noko ekstra

Per Arve Moldskred og André Gardshol i Hødd Fotball håpar på god deltaking under den første utgåva av Tussa cup.  

Sport

9. og 10. mai inviterer IL Hødd Fotball til den nye turneringa Tussa Cup på Høddvoll. I mange år har Hødd stått som arrangørar av Tare Cup i Sparebanken Møre Arena, men no ønskjer ein også å få på plass ei utandørsturnering.