Vi følgjer siste dag av UM

Sport

Laurdag vart det i overkant mykje stong ut for Dimna IL under UM. Jonas André Ose var 3/1000 for tidleg ute i finalen på 60 meter og vart difor diska frå det som truleg ville vore medalje. Også Kamal Bashiir Tahlil vart diska etter å ha trakka på streken i første sving under sin 800 meter, i eit løp der han elles ville ha "persa" kraftig.

Andrea Skaar Berg sørga likevel for medalje, då ho tok bronse i lengde.






UM i Bærum Idrettspark frå fredag til søndag:

– Vi har ein bra gjeng som skal bite godt frå seg


Søndag blir UM avslutta og igjen er det moglegheiter for å innkassere nokre medaljar for Dimna-utøvarane.

Først ut søndag var Johannes Sæter Gurskevik i kule i G15-klassa. Med eit bestestøt på 10,35 enda han på ein 5.-plass i konkurransen.

I G16-klassen vann Gabriel Overvåg sitt forsøksheat på 200 meter med tida 23,85. Det gav femte beste tid totalt, noko som betyr at Overvåg startar i bane 2 i finalen.

Leonita Sofi Brandal sprang inn til 28,23 i sitt forsøk på 200 meter søndag, men kom seg ikkje vidare til finalen på distansen.

Jonas André Ose såg svært bra ut i opninga av sitt heat på 200 meter og var heilt oppe på sida av Andreas Haara Bakketun på veg ut av siste sving. Mot slutten var Haara Bakketun hakket sterkare og Ose kom i mål på 22,31. Det var fjerde beste tid i forsøket, men betyr at Ose må starte i bane 3 i finalen, noko som ikkje er ein fordel saman likna med dei ytste banene.

Synnøve Verås Grimstad gjekk over både 1,36 og 1,41 i første forsøk i høgde. På 1,46 måtte ho ha tre forsøk for å kome over, og 1,51 vart for høgt denne gongen. Dermed enda ho på ein sjuandeplass i høgdekonkurransen.

Simon Holstad Grimstad var ein fattig hundredel frå finale på 200 meter. I sitt forsøksheat sprang han på 22,95, men 22,94 var den siste tida som gav finaleplass.

Sølv og bronse

I lengdekonkurransen for J18/19 var det med heile fire jenter frå Dimna IL. Lill-Joelle Militz hoppa 4,66, medan Caroline Amalie Sætre hadde to forsøk på 4,80, men dette heldt dessverre ikkje til å få hoppe dei tre siste omgangane.

Det fekk derimot Kornelia Roppen og Anna Garnes Kleven. Kornelia Roppen hadde 5,21 før sitt siste hopp, men der fekk ho opp 5,32 og klatra opp på bronseplassen i sitt siste forsøk.

Før siste omgang var det Anna Garnes Kleven som var i føringa, etter eit hopp på 5,60. Då hoppa Lea Taraldsrud Dormagen 5,65 og tok over føringa. Anna Garnes Kleven fekk opp 5,48 i sitt siste forsøk, men klarte ikkje å svare på 5,65. Det blei dermed sølv på Garnes Kleven og bronse til Kornelia Roppen.

Bronse på 200 meter, sølv i kule

I finalen på 200 meter sprang Gabriel Overvåg (G16) i bane 2. Overvåg kom fint ut av den første svingen og tok igjen utøvaren i banen utanfor seg inn i andre sving, men det vart noko tyngre ut på oppløpet. Overvåg enda på ein femteplass med tida 24,06 og dermed litt bak tida frå forsøket.

Jonas André Ose starta finalen på 200 meter i bane 3. Han skulle nok helst ha fått ei bane lenger ut, men Dimna-utøvarane gav gass frå start og kom sterkt ut av første sving. Han passerte Sebastian Casper Plows, men kunne ikkje gjere noko med Henrik Flåtnes og Andreas Haara Bakketun. Ose tok bronse med 22,28.

Toralv Opsal sikra seg sølv i kulekonkurransen for G20/22. Med 13,81 var han berre 27 centimeter bak vinnaren og ein meter framom nestemann på lista.

Avslutta med stafettbronse

Dimna IL fekk ei fin avslutning på dei tre UM-dagane då Kornelia Roppen, Caroline Amalie Sætre, Leonita Sofi Brandal og Anna Garnes Kleven sprang inn til bronse på 4x200 meter stafett. Her vann vidar framom Haugesund, men Dimna IL var berre 8/100 bak sølvet!