Ketchup-effekt då Hødd J19 slo Hareid

I ein kamp som lenge var jamn begynte ketchupen å renne ut av flaska i 2. omgang, og 1-0 til Hødd vart til 7-0.

Her går Hødd opp i 2-0 på eit direkteskot frå cornerflagget av Thea Elise Ertesvåg. Hareid-keeper Andrine Teigene blir overrumpla av at ballen smyg seg forbi Amalie H. H. Koppen ved næraste stang. Hødd-spelar nr 22 er Anna Tødenes, medan næraste Hareid-spelar er Sandra S. Moldskred. 

Sport

NM-cup-kvalifiseringskampen mellom Hareid og Hødd sine J19-lag på Hareidsmyrane stadion måndag kveld var lenge ein jamn affære. Hareid hadde ikkje anna enn æra å spele for. Det galdt i realiteten også Hødd, som uansett siger har mikroskopiske sjansar til å vinne kvalifiseringspulja, som består av AaFK Fortuna, Herd, Hødd og Hareid. Hødd har tidlegare tapt 4–1 for Herd, medan Hareid har tapt 6–1 for Herd og 9–1 for AaFK Fortuna.