Alle skular og barnehagar blir stengde

Sport

NTB og VG melder klokka 12.45 torsdag at alle skular og barnehagar i Norge blir stengde. Det er regjeringa som har bestemt dette.

Statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) vil torsdag ettermiddag leggje fram nye tiltak for å hindre spreiinga av koronaviruset.

UVS stengd i minimum to veker

Ulstein vidaregåande skule blir stengd for ordinær undervising frå og med 13. mars til fredag 27. mars.

Her er meldinga rektor Margaret Alme sende til alle elevane torsdag:

Alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal vert stengde for ordinær undervisning frå og med fredag 13. mars og til og med fredag 27. mars. Dette kan bli forlenga. Undervisninga skal skje via Teams og OneNote og vi planlegg undervisning etter timeplanen. Primærkontakt for alle elevane er kontaktlærar- og faglærar. Informasjon til alle vert lagt ut i Teams. Ut dagen i dag, 12.mars, er det ordinær undervisning.

Dette er IKKJE pga påvist smitte ved nokon av skulane, men som eit «føre var»-tiltak. Oppmøtet vert registrert gjennom kven som er pålogga videosamtalane ved oppstarten av undervisningstimane, eller gjennom anna avtala kommunikasjon. Skulen vert ikkje avstengt. Det er mulig å hente bøker og utstyr. Enkeltelevar kan også avtale å vere her for å jobbe i kortare eller lengre perioder. Det er dei store folkesamlingane ein vil unngå framover. Skulen vil vere bemanna i tida den er stengt for ordinær undervisning. Elles gjeld Folkehelseinstituttet sine bestemmelsar ved mistanke om smitte eller sjukdom.