Ventar på meir informasjon

Per Arve Moldskred fortel at administrasjonen i Hødd prøvar å gjere det beste utav ein vanskeleg situasjon. 

Sport

Det er stille dagar på treningsanlegget til Hødd. Der ein vanlegvis har yrande liv, er det no tomme baner og døra til Høddvollhuset er stengt. Dei tilsette i administrasjonen prøvar å halde drifta gåande så normalt som råd, men Per Arve Moldskred, dagleg leiar i IL Hødd Fotball, legg ikkje skjul på at det er krevjande tider.