Blåsarane vil Spleise for Hødd

Blåsarane ønskjer å samle inn pengar til Hødd og har starta ein Spleis som skal hjelpe klubben gjennom ei utfordrande tid.   Foto: Per Werkland

Sport

Blåsarane er Hødd sin 12. mann, både i medgang og motgang på Høddvoll. No ønskjer supporterklubben å hjelpe Hødd økonomisk i ei utfordrande tid.

Grunna korona-pandemien er det mange, både verksemder, organisasjonar og privatpersonar som får merke utslag på økonomien. Slik er det også for fotballklubbane, som mellom anna må utsette alle offisielle kampar til byrjinga av mai.

No har Blåsarane oppretta ein Spleis under tittelen "Lokalsamfunnet gir tilbake til Hødd, klubben i vårt hjarte".

Der skriv Blåsarane mellom anna: "Vi er nå inne i ei kritisk tid der vi veit at folk å bedrifter rundt om har det tøft! Vi ønsker å ta eit ansvar her og starte ein spleis for å lette dette litt økonomisk for laget vårt".

Dei oppmodar alle med blått hjarte om å støtte innsamlinga.