Vart kasta rett inn i koronautfordringane

Fotballstyret: Sigvald Skeide, Hallstein Saunes, Einar Magne Skeide, André Skotheim. Framme: Erika Skarbø, Kari Mette Sundgot (leiar), Anna Goksøyr. Foto: IL Hødd Fotball. 

Sport

Det nye fotballstyret i IL Hødd har fått ein utfordrande start. Styret, under leiing av Kari Mette Sundgot, har konstituert seg etter årsmøtet i IL Hødd og har så langt gjennomført tre styremøte. Det skriv fotballstyret i ei pressemelding.

Etter konstitueringa er det klart at André Skotheim har blitt nestleiar, Hallstein Saunes har blitt leiar for Sportsleg utval, og får med seg André Skotheim og Erika Skarbø. Utvalet vil om kort tid bli utvida med to personar. Anna Goksøyr skal jobbe inn mot marknadsutvalet, Kari Mette Sundgot inn mot kvalitetsklubbutvalet og Sigvald Skeide og Einar Magne Skeide inn mot utvalet for barne- og ungdomsfotball. Hødd Fotball har allereie eit anleggsutval som har vore i sving ei god stund, der John Osnes er leiar.

Styret skriv i pressemeldinga at dei vil jobbe aktivt for å fylle desse utvala med nye medlemmer, og at ein skal gje dei ulike utvala mandat å jobbe etter.

Det nye fotballstyret fekk koronakrisa rett opp i armane etter at dei vart konstituerte. Eitt av grepa styret har gjort er at ein såg seg nøydde til å ta i bruk permitteringar.



Styret skriv i pressemeldinga at dei arbeidde fram tre kriterium for kven som skulle bli permitterte:

"1) Bedrifta sine behov

  • Administrative oppgåver som må løysast

  • Kompetanse

2) Ansiennitet i IL Hødd Fotball

3) Særlege sosiale forhold

  • Åleineforsørgjar/forsørgjarbyrde, økonomisk situasjon, par i same situasjon osb."

"Vi har naturlegvis også hatt ein heilt nødvendig gjennomgang av økonomien, då vi no veit at vi vil få sterkt reduserte inntekter i tida framover. Vi har prøvd- å sjå framover og på kva som ventar oss med ulike utfall av den situasjonen vi er i no. Ingen veit sikkert korleis det blir framover, og ser fram til ein normalsituasjon. På neste møte vil vi vedta strategiplanen og ein plan for implementering av denne", skriv styret i pressemeldinga.