- Vi forstår at idrett er sekundært no

Sport

Tysdag vart det klart at dei olympiske sommarleikane i Tokyo blir utset. I staden for at leikane går sommaren 2020, er planen no å arrangere dei neste sommar.

For Karsten Warholm og teamet rundt han var OL eitt av årets verkelege høgdepunkt, men den doble verdsmeisteren melder onsdag i ei tekstmelding, saman med trenar Leif Olav Alnes, at dei støttar ei utsetjing av leikane.

– Når det gjeld utsetjing av OL og eventuelt andre arrangement, støtter vi at det er den einaste fornuftige løysinga i den situasjonen verda er i. Vi forstår også at idrett er sekundært no og at det er mange som har det mykje verre enn oss, skriv dei.

Duoen fortel at dei har fått mange førespurnadar frå ulike medium i denne perioden, men at dei ikkje ønskjer å kommentere situasjonen utover meldinga dei sende ut.

– Vår haldning er framleis at det viktigaste no, er å støtte opp rundt den nasjonale dugnaden om å avgrense smittespreiinga, skriv duoen.

– Vi prøver likevel å ha fokus på utvikling i denne krevjande perioden, men vil sjølvsagt ikkje at det skal skje på kostnad av smittevern. Som toppidrettsutøvarar er vi vane med å redusere smitterisiko til eit minimum, så det er ikkje noko nytt for oss, avsluttar Alnes og Warholm.