Skal jakte verdsrekord på Bislett

Karsten Warholm skal prøve seg på verdsrekorden på 300 meter hekk under Impossible Games på BIslett i juni.  

Sport

Friidrettssesongen 2020 blir av det svært spesielle slaget, men mange konkurransar allereie avlyst eller utsett til seinare. Det gjeld til dømes friidretts-NM som skulle gått i juni, men som no skal arrangerast til hausten. For friidretts-EM er heile meisterskapet avlyst, noko det Europeiske Friidrettsforbundet opplyste torsdag.

Også Diamond League-sirkuset blir påverka av koronapandemien og Bislett Games kan ikkje arrangerast i si opphavlege form. Torsdag vart det likevel klart at det blir friidrett på Bislett 11. juni, då under Impossible Games, der mellom anna Karsten Warholm står på startstreken.

På Bislett skal Warholm prøve å sikre verdsrekorden på 300 meter hekk. Chris Rawlinson har bestenoteringa på denne øvinga utandørs med 34,48. Warholm har allereie bestenoteringa i verda innandørs og der var han over to tidelar raskare enn bestenoteringa utandørs.

Dessverre vil det ikkje vere mogleg for publikum å vere til stades for å heie Warholm fram mot verdsrekord, men det blir mogleg å følgje ein times direktesending frå Impossible Games på NRK.

– Utøvarane er svoltne på konkurransar. Og vi ønsker å gje dei eit tilbod på øvste hylle. Dei har tent på opplegget, og eg er veldig takknemleg for at dei stiller opp og støttar oss i denne dugnaden. Dessverre umogleggjer smittevernreglane at vi kan ha publikum på stadion. Vi lovar å gjere vårt beste for å lage eit glimrande stemne for utøvarane og eit godt TV-show for publikum, seier stemnesjef Steinar Hoen i ei pressemelding.

I tillegg til Warholm skal mellom anna verdsrekordhaldar Mondo Duplantis (stav), Amalie Iuel, verdsmeister Daniel Ståhl, Karoline Bjerkeli Grøvdal og Hedda Hynne delta under Impossible Games.