Spesiell utgåve av Tinestafetten

Karsten Warholm skal vere konferansier for livesending på facebook og Youtube.

Annleis: Årets utgåve av Tinestafetten blir heilt annleis enn det ein er vane med. I staden for at hundrevis av barn og unge samlast for å springe, blir ein i staden oppmoda om å springe der ein er.  

Sport

Den vanlege gjennomføringa av den årlege Tinestafetten måtte skrinleggast som følgje av koronapandemien. Likevel blir det arrangert Tinestafetten også i år, men på alternativt vis.

I år er det 27. året på rad at "verdas største stafett for barn og unge" blir arrangert. Det er Norges Friidrettsforbund og Tine som står bak stafetten. På våre kantar er det idrettslinja ved Ulstein vidaregåande som brukar å arrangere stafetten i samarbeid med Dimna IL. Då går stafetten føre seg i Ulsteinhallen, men no blir den alternative utgåva av Tinestafetten gjennomført der deltakarane er.

– Det er få arenaer som samlar like mange barn og unge samtidig som Tinestafetten, og nettopp derfor kan vi ikkje gjennomføre stafetten som planlagt i år. I staden for å møtast fysisk og springe den tradisjonelle stafetten, har vi oppfordra hele Norge – ikkje berre skuleelevar, men søsken, foreldre, besteforeldre, venner og kjenningar til å springe ein distanse på 200 meter der dei er, fortel Ann Kristin Syversen, sponsorsjef i Tine i ei pressemelding.

Konferansier: Karsten Warholm skal leie ei direktesending i samband med den spesielle utgåva av Tinestafetten.  

For å sørge for litt ekstra liv rundt stafetten vil ein gjennomføre ei livesendingar på Tinestafetten si facebook-side og på YouTube. Der skal sjølvaste Karsten Warholm leie sendinga.

Sidan ein ikkje kan samlast for å springe mot kvarandre denne gongen, blir det lagt opp til at dei som vil delta spring sin etappe på 200 meter der dei er. Dette må deretter registrerast i ettertid av foreldre, lærarar eller andre vaksne. I ei pressemelding frå Tinestafetten går det fram at alle som deltek er med i trekninga av ulike premiar.

– Kvart år spring ca. 110 000 barn Tinestafetten. Vi har jo aldri arrangert Tinestafetten på denne måten før, men håper sjølvsagt så mange som mogleg vil delta likevel, spesielt nå som det ikkje er nokon aldersgrense. Draumen er jo å få «hele Norge» til å vere med å springe! seier Linn Baarlid, prosjektleiar i Friidrettsforbundet.

Friidrettsforbundet og TINE understrekar at sjølv om det oppmodast til å springe i morgon, er det utruleg viktig at ein ikkje møtes for å springe fleire saman.

– Uansett om ein spring heime eller er tilbake på skulen i morgon, er det utruleg viktig at ein følger smittevernråda frå Folkehelseinstituttet, seier Baarlid.

Ho fortel at det er mange ulike måtar å springe 200 meter på, som også tek i vare sosial distansering.

– Du kan for eksempel markere opp 200 meter i gata utanfor huset, springe fram og tilbake i hagen, eller rett opp og ned-springing inne i stova. Her er det berre kreativiteten som set ein stoppar, seier ho i pressemeldinga.