Sunnmøre Golfklubb vil ha fleire medlemmer – i alle aldrar:

– Alle er hjarteleg velkomne i klubben vår

Med fokus på rekruttering, mangfald og nytenking er det eit offensivt nytt styre i Sunnmøre Golfklubb som har lagt planen for framtida. – Golf er veldig sosialt og kjekt, og det vil vi gjerne at fleire skal oppdage, seier Oddhild Sandanger.

I slaget: Her er juniorspelar Nikolai Aursnes i slaget, på eitt av dei første hola under sesongens første klubbturnering. I bakgrunnen følgjer kameratane Nikolai Wiig Sævik, Håkon Ringstad og Joakim Heitmann med på slaget til Nikolai. Sunnmøre Golfklubb, som har ei flott nihols golfbane på Hovden i Hareid, ønskjer fleire unge golfarar velkomne – og går offensivt til verks.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Ho er ny styreleiar i Sunnmøre Golfklubb, som satsar offensivt framover. Mellom anna blir det satsa på ein ny maskinpark for oppgradering av bana – og, to meritterte greenkeeperar frå Danmark er tilsett. Golftrenaren i klubben, Mike Henderson, er for tida koronafast på New Zealand – men kjem så snart det går fly igjen.