– Vi veit at det kjem til å bli ein komprimert sesong

Etter tre veker på treningsfeltet går Hødd-spelarane ut i ferie. 

Bendik Rise fortel at det har vore godt å få trene saman med lagkameratane dei siste vekene, men at han også klarte seg greitt i perioden då spelarane var permitterte og måtte sørge for treninga på eiga hand.  

Sport

Over helga skulle Hødd ha spelt sin sjette seriekamp denne sesongen. I staden skal spelarane ut i ein tre vekers ferie. Håpet er at når ein igjen møtest til trening på Høddvoll, så veit ein også meir om når sesongen faktisk kan ta til.