Helsestyresmaktene vil opne for barneidrett frå 1. juni

Helsestyresmaktene vil opne for meir barneidrett. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK 

Sport

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet foreslår å opne for alle idrettar for barn og unge allereie frå 1. juni.

Det stadfestar Helsedirektoratet i ei pressemelding onsdag. Forslaget går på å opne for all barne- og ungdomsidrett, inkludert kontaktidrett, på grupper inntil 20 personar frå 1. juni.

– Idretten er ein viktig arena for barn og ungdom. Derfor er det viktig at denne gruppa kjem tilbake til ein så normal kvardag som mogleg. Vi ser no på ulike forslag til løysingar for å opne opp for all barne- og ungdomsidrett opp til 20 år, seier avdelingsdirektør Jakob Linhave.

Helse- og omsorgsdepartementet har bede Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om å revidere smittevernrettleiar for idretten og vurdere korleis det kan opnast opp for meir breidde-, barne- og ungdomsidrett som også inneber avgrensa fysisk kontakt.



Snart

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet opplyser at ei felles tilråding vil vere klar 28. mai.

– Eit tilbod for alle barn og unge er viktig ut frå eit folkehelseperspektiv. Idrettslaga og den frivillige innsatsen har bidrege sterkt i dugnaden vi alle har vore igjennom, seier Linhave.

Utspelet frå helsestyresmaktene kom berre nokre timar etter at det tysdag vart gitt grønt lys for at utøvarar under 20 år i fotball og andre idrettar med «avgrensa fysisk kontakt» kan ta opp att trening frå 15. juni.

Det var kulturminister Abid Raja og Norges idrettsforbund som stadfesta avgjerda om oppmykinga 15. juni. Den opnar for at delar av barneidretten kan ta opp att normale treningar utan sosial distansering.

Usikkert med kampar

No ønskjer altså Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet at alle idrettar skal gjenopne allereie 1. juni.

Om det blir opna for kampaktivitet er derimot usikkert.

Det kan òg bli aktuelt å leggje opp til enkelte eigne avgrensingar for enkeltidrettar.

Forslaget helsestyresmaktene no jobbar med, opnar likevel ikkje for at det blir opna for breiddeidretten på seniornivå. Der må det framleis trenast med grupper inntil 20 personar og med ein avstand mellom kvar enkelt utøvar på minimum éin meter.

Når det blir opna fullt for breidda er ikkje klart.