Kasta i gang utandørssesongen

Dei første Dimna-utøvarane har kome i gang med 2020-sesongen.

Henrikke Antonsen (her frå ein annan konkurranse) sette personleg rekord i slegge under Loggane Open i helga. Ho kasta slegga 45,80 meter. Arkivfoto. 

Sport

Sist onsdag var mangekjemparen Toralv Opsal først ut, då han kasta diskos og støytte kule under eit stemne i Nittedal. Ifølgje Dimna IL enda dette med personleg rekord i begge øvingar. Han støtte 14,11 meter i kule og kasta 41,09 meter i diskos.

I helga var det Henrikke Antonsen som deltok i si første utandørskonkurranse denne sesongen. Antonsen deltok under ein sleggekonkurranse i Gloppen. Under Loggane Open sende ho slegga 45,80 i sitt første forsøk. Ifølgje Dimna IL er dette personleg rekord, sjølv om dette kastet berre kom etter tre rotasjonar. Klubben skirv på sine nettsider at Antonsen kasta lenger på forsøka med fire rotasjonar, men at desse gjekk utanfor kastsona og difor ikkje vart teljande. Ny personleg rekord vart det uansett.