Grønt lys for kontakttrening i barne- og ungdomsidretten

Barnefotballen kan komme i gang igjen. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix / NPK 

Sport

Barn og ungdom kan frå 1. juni starte trening med fysisk kontakt, har regjeringa bestemt.

Dette gjeld trening i alle idrettar, og det blir opp opna for all barne- og ungdomsidrett til og med det året ein fyller 19 år for trening, men ikkje for ordinære seriekampar og arrangement. Det blir tillate å arrangere treningskampar.

Frå 1. juni innfører regjeringa tiltaksnivå for organisert trening på same måte som for skular og barnehagar. Tiltaksnivåa verkar som eit trafikklys og går frå raudt, via gult til grønt, kjem det fram av ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

– Vi veit kor viktig idretten er som fellesskapsbyggjar, som sosial arena og møteplass. Derfor er det ekstremt viktig – både for idretten og for samfunnet – at vi no kjem i gang med treningsaktivitet for barn og unge, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Nivået på tiltaka blir bestemte av mellom anna smittesituasjonen i samfunnet og kapasiteten til helsevesenet. Per mai 2020 gjeld eit gult tiltaksnivå nasjonalt. Innføringa av ein fargeskala for tiltak skaper tydelegare linjer mellom det som gjeld for skule og barnehage og for det som skjer på fritida, og det vil gjere det lettare å forstå og følgje gjeldande retningslinjer.

Frå 1. juni vil òg symjehallane opne for symjeopplæring og organisert svømmetrening. Det betyr at det er tillate med organisert symjing når aktiviteten blir gjennomført i tråd med smittevernreglar. Helsestyresmaktene vil komme med eigne tilrådingar for symjehallane.