Ny rolle for Hjelmeseth

Robin Hjelmeseth er tilsett som økonomiansvarleg i Hødd Fotball. Det skriv klubben i ei pressemelding. Foto: Hødd Fotball 

Sport

Robin Hjelmeseth er tilsett som økonomimedarbeidar i Hødd Fotball. I ei pressemelding frå klubben går det fram at dette er ei 50-prosentstilling i administrasjonen.

Hjelmeseth tok til i jobben allereie i februar og ifølgje klubben har tida til no vore brukt til opplæring frå rekneskapsbyrået Balanse Rekneskap. Hødd skriv vidare at målet er at Hjelmeseth skal ta over oppgåvene som ein tidlegare har brukt rekneskapsbyrået til.

– Eg er veldig stolt og audmjuk over å få moglegheita til å jobbe Hødd Fotball med noko som er relatert til mi utdanning. Å få moglegheita til å jobbe med økonomi i ein fotballklubb ser eg på som ein draumejobb, noko eg gleder meg veldig til i fortsetjinga. Eg vil takke styret og spesielt Per Arve som har gitt meg denne moglegheita. Høddvoll er ein kjempefin arbeidsplass. Vi i administrasjonen samarbeider veldig godt og trivast i lag, seier Robin Hjelmeseth i pressemeldinga.

Ifølgje Hødd har Hjelmeseth tatt ein bachelorgrad innan økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Innlandet som han var ferdig med i 2017. Våren 2022 vil han vere ferdigutdanna siviløkonom.