Personlege rekordar

Anna Kleven og Kornelia Roppen sette personlege rekordar.  Foto: Dimna IL

Sport

Fleire utøvarar frå Dimna IL sette personlege rekordar under Sparebank1-leikane i Ørsta på laurdag.

Trenar Arve Hatløy fortel at Kornelia Roppen og Anna Kleven gjordet det aller best denne gonge.

Dei sette solide personlege rekordar i lengda.

Roppen landa på 5,73 meter, medan Kleven fekk 5,63 meter som sitt beste resultat.

Roppen betra også sin personlege rekord på 200 meter med eit halvt sekund, og sprang inn på tida 25,91 sekund.

Også Henrikke Antonsen sette ny personleg rekord. Ho kasta trekilosslegga 46,43 meter.

Henrikke Antonsen  Foto: Dimna IL

Fleire resultat finn du på heimesida til Dimna IL.