Tatt ut på skuggelandslag

Jan Erik Stinessen fra NFF, Syver Skundberg Skeide og Ørn Flø fra Hødd og Rune Almenning Jarstein under ein talentleir i Porsgrunn i 2019. No er både Flø og Skundberg Skeide tatt ut til ny talentleir.   Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor.

Sport

IL Hødd Fotball har fått med to spelarar i kvar sin skuggelandslagstropp til fotballforbundet sin talentleir i Porsgrunn.

Talentleiren for gutane går frå 8. til 12. august og Hødd har fått med ein spelar både i G15-klassa og G16-klassa.

Ørn Flø er med i troppen til det som blir kalla skuggelandslaget i G15-klassa. Fotballforbundet ved Gunnar Halle har tatt ut 22 spelarar i G15-landslagstroppen og 24 spelarar i skuggelandslagstroppen.

For G16-spelarane er det Jan Peder Jalland som har tatt ut dei to troppane og der har Syver Skundberg Skeide fått plass i skuggelandslagstroppen. Han var mellom anna med på ei firenasjonarsturnering på La Manga i vinter og får no igjen sjansen til å vise seg fram under talentleiren i Porsgrunn. Både Skundberg Skeide og Flø har fleire gongar tidlegare vore med på denne typen samlingar i regi av landslagsskulen.

Fotballforbundet skriv på sine nettsider at denne samlinga blir gjennomført etter gjeldande retningslinjer med tanke på smittevern. Difor er heller ikkje alle detaljar klare på noverande tidspunkt.

– Men det som er sikkert er at vi skal samlast. Vi skal ha nokre dagar i Porsgrunn som forhåpentlegvis vil vere både utviklande og inspirerande. Og det fortener spelarane. Det har vore ei tøff tid for alle, også for alle dei som ikkje fått gjort det dei likar aller best – spele fotball! Eg håper derfor at uttaket til denne samlinga gir spelarane ein ekstra «boost» så dei går inn i sommarferien og trener så godt dei kan, og eg gler meg meir enn nokon gong til talentleir, seier ansvarleg for Landslagsskulen i NFF, Håkon Grøttland.