Ørsta fjellmaraton:

Kasper fullførte sin første halvmaraton med stil

Sist helg vart Ørsta Fjellmaraton arrangert med rekordstor deltaking. Ein av dei som tok utfordringa var Kasper (snart 9 år) som fullførte halvmaratondistansen på 21,1 km og 1350 høgdemeter.

Halvmaraton: Kasper Hjertø Eiksund på veg mot mål etter å ha fullført halvmaratondistansen under Ørsta Fjellmaraton. Foto: Privat. 

Sport

Familien Eiksund er på ingen måte ukjende med maratonløp. Onkel Ole Arne Eiksund har for lengst passert 100 heilmaratonar. Han har også utfordra brørne Kjetil og Audun, i tillegg til mor Anita Giske Eiksund, som sprang New York Marathon for to år sidan. Dette i regi av Aktiv mot kreft.