Dimna IL med gode resultat på Lillehammer

Anna Garnes Kleven, Kornelia Roppen og Jonas Andre Ose leverte sterk sprint på Lillehammer.  Foto: Arve Hatløy

Sport

Denne helga har seks friidrettsutøvarar frå Dimna IL deltatt i Veidekkesprinten. Sjølv om det var både regn og vind i dag, sundagen, fekk dei fleire gode resultat og personlege rekordar.

Jonas Andre Ose sprang 100 m på 10,95 sekund. Frå før har han rekorden 10,91 sekund. På 200 meter fekk han tida 22,13 sekund, som berre er 4 hundredelar bak hans personlege rekord.

Kornlelia Roppen leverte også to sterke løp då ho storma inn på tida 12,48 (+2,6) på 100 meter og 25,47 (+1,9). Tida ho brukte på 200 m er ei forbetring av den personlege rekorden hennar med over 4 tidelar.

Anna Garnes Kleven og Simon Holstad Grimstad sprand også under deira personlege rekordar på 200 meter. Anna fekk 25,78 sek, medan Simon fekk tida 22,82 sek. Begge to hadde litt for god medvind til at det kunne godkjennast som rekord.

Sondre Espelid sprang også 200 m. Han fekk tida 23,53 sek. Det hadde vore personleg rekord også for han - men medvinden var litt for sterk.

Lill-Joelle Miltz sprang 100 m. Her var ho litt uheldig med starten og kom inn på tida 13,78.

Dimnautøvarane reiser no vidare til Oslo for deltaking i Boysen Memorial på tysdag. Her får dei også følge av Iver Saunes Moldskred, Caroline Amalie Sætre og Alice Ulla Berg.