Hareid held det gåande, men håpar på snarleg avklaring

Kim-Tore Husøy tok over som Hareid-trenar i vinter, men har framleis ikkje fått leie laget i seriekamp. Framleis ventar breiddefotballen på klarsignal til oppstart av sesongen.  

Sport

For Hareid sitt A-lag i 4.-divisjon skulle ein no ha tatt sommarpause etter halvspelt sesong. Som følgje av koronanedstenginga har ein i staden måtte sette kampane på vent. For seniorlaga har ein heller ikkje fått klarsignal til å starte med kontakttrening og Hareid-trenar Kim-Tore Husøy legg ikkje skjul på at det er utfordrande å halde i gang eit A-lag med dei restriksjonane ein må rette seg etter.