Endeleg seriestart for Daniel Eid

Det har gått eit halvt år sidan Daniel Eid (21) signerte for Obosligaklubben Sogndal. Fredag spelar han sin første offisielle kamp for klubben, når Sogndal møter Åsane borte i serieopninga.

Snart seriestart: Daniel Eid har funne seg godt til rette i Sogndal. No kan han også sjå fram mot seriestarten og fredag opnar Sogndal med bortekamp mot Åsane. Foto: Endre Romøren/Sogn Avis.  

Sport

Eid fekk med seg 70 serie- og cupkampar for A-laget til Hødd, i perioden 2017 til 2019, men serieopninga blir også Eid sin debut på nivå 2 i norsk fotball. No gler ulsteinvikaren seg til å kome i gang med sesongen.