Hødd har fordelt billettar til kampen mot Moss

Hødd har fordelt billettane til den første heimekampen i 2.-divisjon. Blåsarane får 20 av dei 200 billettane.   Foto: Per Werkland

Sport

Torsdag har Hødd gått ut med informasjon om korleis dei vil fordele billettane til serieopninga mot Moss 11. juli.

Som følgje av smittevernreglar har klubben berre 200 billettar tilgjengeleg og det er berre hovudtribunen og ståtribunen som vil vere open.



Klubben sine sponsorar og samarbeidspartnarar får til saman 63 av dei 200 billettane. Ti går til generalsponsor Sparebanken Møre, medan kvar av dei fem hovudsponsorane får fem billettar kvar. I tillegg får 28 samarbeidspartnarar ein billett kvar.

I tillegg til dette er det reservert sju billettar til fotballstyret, 12 til fotballgruppa sine æresmedlemmer, samt 22 billettar til Hødd-spelarane.



Supporterklubben Blåsarane har fått ei tildeling på 20 billettar til den første seriekampen. Dei resterande 76 billettane skal fordelast på dei som har kjøpt private sesongkort. Her skriv klubben at dette blir gjennomført som ei loddtrekning. Dei som får billett til første serierunde vil ikkje vere med i trekninga til neste heimekamp.



Under kampen vil publikummarane måtte sitte med to sete mellom seg og det er berre annankvar rad på tribunen som skal nyttast, skriv Hødd. Dei viser også til at klubben må føre namnelister med detaljert informasjon om alle som skal innom stadion kampdag.