Breiddefotballen fekk nei

Det var tent eit håp om at 2.-divisjon kvinner og 3.-divisjon menn skulle få klarsignal til å byrje med trening og kamp, men regjeringa seier nei.   Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Norges Fotballforbund skriv fredag på sine nettsider at ein har fått skuffande svar frå regjeringa om ytterlegare opning for breiddefotballen. No er det klart at det ikkje blir noko vidare opning før tidlegast i august.



– Vi er glade for at Kulturdepartementet i brevet skriv at dei har stor forståing for NFFs ønske om ei ytterlegare opning av idretten, og at det anerkjennast at fotball betyr mykje for mange. Slik eg les brevet er det helsemyndigheitenes tydelege anbefaling om at det ikkje bør givast unntak for avstandskravet på ein meter for spelarar over 20 år som er utslagsgivande. Dette trass i at helsemyndigheitene har fastslått at kontakt i fotball medfører liten risiko for smitte, seier fotballpresident Terje Svendsen til forbundet sine nettsider.



Denne veka vart det tent eit håp om at 2.-divisjon kvinner, som inkluderer Hødd, samt 3.-divisjon for menn, kunne få starte opp med trening og kamp, så sant klubbane kunne følgje smittevernreglane i toppfotballpiloten. Men i eit brev frå regjeringa går det no fram at det ikkje er aktuelt å innlemme desse divisjonane i toppfotballpiloten.



– Dette er et skuffande svar frå regjeringa. Både at dei ikkje ser verdien av trening for alle og at dei gjør heilomvending i spørsmålet om NFFs mandat til å innlemme nye liganivå i toppfotballpiloten. Danmark opna for hele breidda allereie 7. juni. Derfor er det uforståeleg for hele Fotball-Norge at regjeringa ikkje kan opne for trening allereie no. Særleg med tanke på at norsk fotball heile vegen har dokumentert vår evne og vilje til å ta smittevern på høgste alvor frå dag éin, held Svendsen fram, ifølgje fotballforbundet sine nettsider.

NFF og NIF er inviterte til eit nytt møte med Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet, men først 10. august.