Dimna IL inviterer til idrettsleikar

Kornelia Roppen og Anna Garnes Kleven er to av instruktørane som skal tilrettelegge for borna i veka før skulestart.  Foto: Dimna IL

Sport

Dimna IL har i ei årrekke arrangert idrettsleikar for born i veka før skulestart og 2020 blir ikkje eit unntak. Leikane er for born mellom 7 og 12 år, og blir arrangert på Høddvoll kvar dag i veke 33 frå kl. 09:00 – 15:00.

Idrettslaget skildrar instruktørane sine som kyndige og engasjert, og dei skal introdusere deltakarane til ulike friidrettsøvingar, deriblant løp, hopp, kast, balanse- og motorikktrening, ballspel og andre aktivitetar.

Arrangørane melder om at ein bør vere tidleg ute med å melde seg på idrettsleikane ettersom deltakarplassane i tidlegare år som oftast har blitt fullteikna før påmeldingsfristen har vore ute. Du finn påmeldinga inne på Dimna IL si heimeside.

Påmeldingsfristen til idrettsleikane er kl. 23:00 1. august.