Toulouse har bydd på Aursnes

Til Frankrike? Toulouse har, ifølgje TV2, bydd over 25 millionar kroner for Fredrik Aursnes.  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Den franske klubben Toulouse har lagt inn eit bud på Molde-spelaren og hareidsdølingen Fredrik Aursnes. Det kan Molde-direktør Ole Erik Stavrum bekrefte til TV2.

- Ja, eg kan bekrefte det. Men vi gjer ingenting med den saken før etter Bodø/Glimt-kampen på søndag. Fokuset vårt ligg der no, seier Stavrum til TV2.

Fredrik Aursnes har ikkje kommentert saka.

Toulouse rykka ned frå Ligue 1 denne sesongen og skal spele på nivå to komande sesong. Tidlegare Molde-kaptein Ruben Gabrielsen signerte for klubben i 2019 og er der framleis.

Aursnes har tidlegare uttalt til Eurosport at årets sesong truleg blir den siste i Molde-trøya.