Aursnes-overgang vil gi pengar i kassa for "dei blåkvite"

Molde har motteke eit bod på Fredrik Aursnes frå den franske Ligue 2-klubben Toulouse. Her frå ein treningskamp mellom Molde og Hødd  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Fredag ettermiddag kom nyheita om at Toulouse hadde lagt inn eit bod på Molde-spelar Fredrik Aursnes. Ifølgje TV2 er det snakk om eit bod på over 25 millionar kroner.



Ein overgang vil vere gode nyheiter for Hødd. Aursnes bytta ut Høddvoll med Aker Stadion i forkant 2016-sesongen og Per Arve Moldskred, dagleg leiar i Hødd IL, kan bekrefte at klubben får ein prosentdel av overgangssummen dersom Aursnes blir selt.

Moldskred vil ikkje kommentere kor stor prosentdel Hødd får ved ein eventuell overgang.