- Eg har ambisjonar om å prøve meg på seniornivå ein gong

Eirik Heltne er trenar for G13-laget til Stabæk og årgangsansvarleg for 2010-modellane i klubben: - Dei er ærlege på ting, så ein får vite kva som er bra og mindre bra for å seie det sånn. Alle foto: Privat 

Sport

Fotball-Noreg har mange spennande og unge trenarar på veg opp. Eirik Kjønø gjer ein svært god jobb i Grorud, Ole Martin Nesselquist (Strømmen) er verdas yngste hovudtrenar på profesjonelt nivå ifølgje CIES Fotball Observatory, og i Hødd fekk Sander Håskjold Nyland sjansen som hovudtrenar i ein alder av 25 år. Og ein skal ikkje sjå vekk frå at ein av dei neste trenarspirane kan kome frå Ulstein kommune, nærare bestemt Kjerringnesmyra på Dimnøya.