Viktig toppkamp for ein utanlandsaktuell Aursnes

Fredrik Aursnes kan spele sin siste kamp for Molde i helga. Laget frå "rosenes by" reiser til Bodø i helga for å spele ein svært viktig toppkamp mot Bodø/Glimt.  Foto: Arkiv/Per Werkland

Sport

Molde og Bodø/Glimt har vore dei to klart beste laga i årets utgåve av Eliteserien og ligg høvevis på 1. og 2.-plass med 27 og 25 poeng. Molde sin uavgjorte kamp mot Kristiansund er det einaste poengtapet mellom laga i løpet av ni serierunder.

Søndag kl. 18:00 tek Bodø/Glimt imot Molde på Aspmyra til ein svært viktig kamp som kjem til å prege korleis racet om tittelen kjem til å sjå ut. Desse to laga har vore dei suverent beste i Eliteserien i 2020, og Molde har heile 9 poeng ned til Vålerenga på 3. plass.

Fredag ettermiddag kom nyheita om at Toulouse hadde bydd på Fredrik Aursnes, som har spelt absolutt alt for Molde i årets sesong. Ifølgje TV2 er det snakk om eit bod på over 25 millionar kroner. Kanskje dette blir Aursnes sin siste kamp i Molde-trøya?