– Dette var så absolutt eit steg tilbake

Jens Husebø starta kampen på høgrebacken, men vart i pausen flytta inn som midtstoppar.  Foto: Per Werkland

Sport

Hødd var revansjelystne på å slå tilbake etter 1-0-tapet for Fredrikstad førre helg då Kjelsås gjesta Ulsteinvik søndag ettermiddag. Men ingen av laga lukkast med å setje ballen i mål, og då vart det poengdeling på Høddvoll. Jens Husebø, som vart kåra til Hødds beste spelar frå fleire hald, var skuffa over både lagets og eigen prestasjon, sjølv om han vart utnemnd som "dei blåkvite" sin beste mann.