Bodø/Glimt slo Molde 3-1 i den særs viktige toppkampen

Fredrik Aursnes spelte heile kampen då Molde tapte 3-1 for Bodø/Glimt søndag kveld.  Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det var knytt mykje spenning opp mot kampen mellom Bodø/Glimt og Molde søndag kveld. Førstnemnde låg før runda på 1.-plass med full pott og 27 poeng på 9 serierundar, medan sistnemnde låg to poeng og på 2.-plass.

Fredag kom nyheita om at Toulouse hadde lagt inn eit bod på Molde sin midtbanespelar Fredrik Aursnes, men han ønskja ikkje å kommentere saka før den viktige toppkampen mot Bodø/Glimt.





Sjølv om Bodø/Glimt gjekk sigrande ut, var det Molde som starta kampen med å gå opp i leiinga i det 9. minuttet. Magnus Wolff Eikrem assisterte, som så mange gangar før, Ohi Omoijuanfo som enkelt sette inn 1–0 til Molde.

Deretter var det Bodø/Glimt som skulle styre showet. Patrick Berg utlikna med ein susar i keeperhjørnet på frispark frå 25 meter i det 26. speleminuttet. Deretter skaffa Kasper Junker Bodø/Glimt leiinga etter ei rapp avslutning med venstrefoten inne i feltet. Seks minutt etter 2-1-scoringa, i det 71. minutt, sette Jens-Petter Hauge inn 3–1 til heimelaget etter å ha ført ballen inn i Molde sin 16-meter og deretter chippa ballen følsamt over Andreas Linde i Molde-buret.

Det var ikkje ein spesielt glad avslutning på Molde-karrieren dersom det var siste kamp for laget frå "rosenes by" for Aursnes. Hareidsdølingen vart også for første gong denne sesongen bytta ut før sluttsignalet. Sheriff Sinyan erstatta Aursnes i det 87. speleminuttet.