Eid scora igjen, men Sogndal reiser poenglause frå Oslo

Daniel Eid putta for tredje gong i serien etter overgangen til Sogndal, men han kunne ikkje hindre at laget gjekk på sitt tredje strake tap.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Daniel Eid hadde starta alle dei fire første seriekampane for Sogndal i Obosligaen. I dei to første teikna også Eid seg på scoringslista, då Sogndal slo Åsane og Ullensaker/Kisa.

Men etter ein pangstart har det gått tyngre for Sogndal dei siste kampane og laget hadde tapt to på rad før bortemøtet med KFUM Oslo måndag.

Difor gjorde trenar Eirik Bakke ei rekkje endringar på laget og mellom anna måtte Eid finne seg plass på benken frå start.

Det skulle ikkje hjelpe for Sogndal. KFUM Oslo var det beste laget og to scoringar frå David Tavakoli sørga for at Kåffa hadde ei komfortabel 2–0 leiing ved pause.

Dermed måtte Sogndal gjere endringar og Bakke sette inn fire nye mann etter kvilen, inkludert Daniel Eid. Det var likevel ikkje nok til å skaffe Sogndal-poeng, for KFUM Oslo rulla vidare i den andre omgangen og scora to gongar også etter pause.

Tre minutt før slutt pynta Daniel Eid på resultatet med si tredje seriescoring for Sogndal, men det vart berre eit trøystemål og KFUM Oslo vann 4–1.

Sogndal står dermed med tre strake tap i Obosligaen.