Eit Sogndal ute av form skal prøve å slå tilbake mot KFUM Oslo

Daniel Eid var konstant farleg offensivt i Sogndals to første kampar og stod med to mål og éin assist - men på dei siste to kampane har ikkje Eid hatt like god utteljing.   Foto: Arkiv/Per Werkland

Sport

Etter å ha opna forrykande med 4–1 borte mot Åsane og 6–1 heime mot Ull/Kisa, har det gått dårlegare for Sogndal i dei siste to kampane. Først tapte dei 3–1 for Grorud i Oslo og for ei veke sidan tapte dei 2–0 for Sandnes Ulf på Fosshaugane Campus.

No møter dei KFUM Oslo – eit lag som har tatt eitt poeng meir enn Sogndal hittil på dei fire serierundane i OBOS-ligaen. "Kåffa" har vunne dei to heimekampane sine hittil, mot Jerv (2–1) og Raufoss (2-1), så det blir ikkje ei enkel nøtt for Eirik Bakke sitt lag å knekke.

For å henge med i kampen om opprykk og plassere seg bra i kampen om playoff-plassane, bør Daniel Eid sitt lag helst snu trenden og helst ta tre poeng. Då laga møttest i fjor vann Sogndal 4–2 på heimebane, medan KFUM Oslo vann sin heimekamp 1–0.