Hareid IL vil også få sin bit av kaka dersom Aursnes blir selt

Fredrik Aursnes var ikkje gamle guten då han fekk spele for Hareid sitt a-lag. Dersom han no blir selt til Toulouse, så kjem det til å klinge, ikkje berre i Hødd-kassa, men i Hareid si kasse også.  Foto: Arkiv, Hareid IL

Sport

Fredag ettermiddag kom nyheita om at Molde hadde fått eit bod frå den franske Ligue 2-klubben Toulouse på Fredrik Aursnes, og måndag føremiddag blir det meldt frå fleire hald, blant anna TV2, at Molde har akseptert bodet på Aursnes. Eurosport skal ha fått opplyst at bodet er på rundt tre millionar euro, noko som er i nærleiken av 32 millionar kroner. Då er det i så fall berre opp til Aursnes før overgangen går i boks.



– Eg held meg roleg til det der, så får vi sjå kva dei neste dagane bringar. Eg må ta ei vurdering til det, sa hareidsdølingen til Eurosport etter 3-1-tapet for Bodø/Glimt.



På laurdag fekk Vikebladet Vestposten bekrefta at Hødd kjem til å få ein del av overgangssummen til Aursnes dersom han blir selt. Hødd IL vil ikkje gå ut med kor stor prosentdel dei får ved eit eventuelt Aursnes-sal.



Måndag ettermiddag får Vikebladet Vestposten bekrefta av dagleg leiar i Hareid IL at også dei kjem til å få ein slant med pengar dersom Aursnes går til Toulouse. Aursnes sin moderklubb får ein prosentdel av det Hødd IL får av Molde. Dei vil heller ikkje kommentere kor stor prosentdelen er.

- Først og fremst er vi stolte over Fredrik, og så blir det som drypper ned til oss ein bonus - uansett kor mykje det blir, så er vi veldig nøgde, seier Vattøy til lokalavisa.