Sjå bildeserie:

Sommartrening på Høddvoll

Det var mange born i sving då lokalavisa var innom på Hødd sine sommartreningar måndag føremiddag. Alle foto: Erik K. Heimdal 

Sport

Hødd har denne sommaren, frå 29. juni og ut juli, tilbode treningar for born mellom 7 og 12 år på Høddvoll kvar måndag, tysdag og torsdag. Instruktørane har vore spelarar frå begge a-laga i klubben.

Då lokalavisa var innom på måndag føremiddag, var det bra med aktivitet på kunstgrasbana på Høddvoll.