Framleis på nedre halvdel av tabellen

Dersom Robin Shroot hadde scora på den gedigne sjansen sin mot Kjelsås søndag ettermiddag, hadde Hødd klatra opp to plassar og kapra 6. plassen i PostNord-ligaen avd. 1.   Foto: Per Werkland

Sport

Hødd spelte søndag ettermiddag mot Kjelsås i sesongens tredje serierunde, og delte poenga etter at ingen av laga lukkast med å finne nettmaskene på Høddvoll. Dette gjer at "dei blåkvite" klatrar ein plass frå førre runde då dei låg på 9.-plass etter 1-0-tapet for Fredrikstad. No ligg "høddarane" på 8.-plass og har like mange poeng (4) som Brattvåg på 6.-plass.

Fredrikstad og Kvik Halden skil seg ut på toppen av tabellen med full pott og 9 poeng kvar. Elles er det naturlegvis framleis svært jamt, og Hødd har berre eitt poeng ned til Vålerenga 2 på 12.-plass. Etter dei to første rundane hadde ingen av laga i PostNord-ligaen avdeling 1 spelt uavgjort, men i helga fekk vi to uavgjorte kampar i Hødd 0–0 Kjelsås og Alta 1–1 Brattvåg.

I neste serierunde reiser Hødd til Nord-Noreg for å møte Tromsdalen. Dei har blitt tippa å vere av dei betre laga i avdelinga, men har slite med å få ut potensialet sitt hittil og ligg på 9.-plass, rett under Hødd, med 3 poeng. Det vart tap for Tromsdalen i sesongens to første kampar mot Alta og Senja, men dei slo sterkt tilbake med 4–1 borte mot Florø i helga.

Nedanfor kan du sjå tabellen i PostNord-ligaen avdeling 1 etter tre spelte serierundar:

PlassLagKamperHjemmeBorteTotalPoeng
VUTMålVUTMålVUTMålDiff
1Fredrikstad31001 – 02006 – 33007 – 349
2Kvik Halden31002 – 12003 – 13005 – 239
3Alta31102 – 11003 – 22105 – 327
4Skeid31012 – 21006 – 02018 – 266
5Eidsvold TF31017 – 31002 – 12019 – 456
6Brattvåg31006 – 00112 – 31118 – 354
7Kjelsås30012 – 31102 – 11114 – 404
8Hødd31102 – 10010 – 11112 – 204
9Tromsdalen30011 – 21014 – 21025 – 413
10Moss30011 – 21014 – 31025 – 503
11Senja30022 – 51002 – 11024 – 6-23
12Vålerenga 231011 – 20010 – 61021 – 8-73
13Florø30024 – 80011 – 20035 – 10-50
14Fløya30010 – 60021 – 70031 – 13-120