Aursnes scora då Molde slo Vålerenga

Fredrik Aursnes scora det første målet då Molde slo VIF heime på Aker Stadion.   Foto: Per Werkland

Sport

Fredrik Aursnes har vore i vinden den siste tida, då midtbanespelaren frå Hareid er lenka til ein overgang til franske Toulouse. Molde skal ha akseptert eit bod på den tidlegare Hareid- og Hødd-spelaren, men Aursnes er framleis Molde-spelar og onsdag tok laget imot Vålerenga heime på Aker Stadion.

Med Magnus Wolff Eikrem på benken frå start fekk Aursnes også større moglegheiter til å bidra offensivt. Aursnes var fint involvert i fleire av Molde sine lovande angrep og like før halvtimen var det Aursnes som skulle sende Molde i føringa. Keeper gav ballen til Ohi Omoijuanfo og angriparen fann Aursnes på løp. Midtbanespelaren tok med seg ballen med ei berøring og tuppa inn 1–0 med den neste. Aursnes var også nære ved å sette 2-0, då han trefte eit innlegg frå Eirik Ulland Andersen med hovudet, men utan å klare å styre ballen innanfor stengene.

Til Eurosport seier Aursnes at han ikkje var fornøgd med starten på omgangen, men at han meiner laget løfta seg utover i omgangen.

Det tok ikkje meir enn ti minutt etter pause før Tobias Christensen la på til 2–0 til Molde og kvarteret før slutt la Omoijuanfo på til 3–0.

Mot slutten reduserte Vålerenga ved Bård Finne, men på overtid sette Etzaz Hussain inn 4–1 og sigeren til Molde var aldri truga.