Blir dette Aursnes sin siste kamp for Molde?

Blir oppgjeret mot Vålerenga onsdag kveld Fredrik Aursnes sin siste kamp i Molde-trøya?  Foto: Arkiv/Per Werkland

Sport

Molde gjekk på eit tap i helga i den viktige toppkampen på bortebane mot Bodø/Glimt, men allereie onsdag kveld er det moglegheiter for "moldensarane" å slå tilbake igjen.

Dei møter nemleg Vålerenga som per no ligg på 3.-plass med 19 poeng – 6 poeng bak Molde på 2.-plass. Dersom Molde går sigrande ut av oppgjeret, vil det gjere at distansen ned til 3.-plassen blir 9 poeng igjen – men klarer Vålerenga å vinne, så er dei plutseleg berre 3 poeng bak Molde med 2.-plassen innan rekkevidd.

Fredrik Aursnes har den siste tida blitt linka kraftig til Ligue 2-klubben Toulouse, og ein skal ikkje sjå vekk frå at enten tapet for Bodø/Glimt, der han for første gong denne sesongen ikkje spelte ein "heil 90-minuttar", eller Vålerenga-kampen er Aursnes sin siste kamp i Molde-trøya.