Hødd møter Tromsdalen på bortebane:

– Treng å kome inn i flyten

Hødd fekk det ikkje til heime mot Kjelsås sist helg. No ventar Tromsdalen på bortebane og då må Hødd skape meir enn dei har gjort i starten på sesongen.

Mot nord: Laurdag spelar Hødd borte mot Tromsdalen og den første av to kampar på rad i Nord-Norge. Bendik Rise meiner laget må få angrepsspelet til å fungere betre enn det gjorde mot Kjelsås. Foto: Per Werkland. 

Sport

Etter å ha slått Moss 2–1 i serieopninga har Hødd gått mållause av banen både mot Fredrikstad og no sist i 0–0 kampen mot Kjelsås. Laurdag kveld går turen mot nord, då Hødd skal møte Tromsdalen på TUIL Arena.